Vaksenkurs 2026

Det vert spel-, danse- og saumkurs fredag og laurdag.

Alle kursa kostar 300,-.
NB: Dei er ikkje inkludert i festivalpasset.

Fredag 13:00-15:00:

Dans - Rørospols med Bergitte Kjosvatn, Tron Steffen Westberg og Ole Erik Feragen

Bergitte, Tron Steffen og Ole Erik er ein draumetrio når ein skal ha rørospolskurs. Dei er bunnsolide dansarar og spelmenn, og vil stå for eit dansekurs det ryk av. Om du har dansa litt eller mykje; her vil du få svar på alt du lurar på! Kvar ligg takta? Kva er forskjell på pols og gamalpols? Kva vei går første rundsnu? Dette er eit kurs du har med deg lengje!

På fredagskvelden speler Westberg and the Polsgroovers opp til dans, så her får ein teke i bruk kunnskapen med ein gong!

Spel - Låtar med Mia Marine

Mia er ein særs dyktig felelærar, og i tillegg til å undervise på Gøteborgs akademi for scene og musikk driv ho sitt eige online fele-akademi med deltakarar over heile verda. Ho er ein erfaren komponist, og jobbar med tradisjonsmusikk, jazz og klassisk.

På dette kurset vert det fokus på tradisjonelt låtspel.

Mia Marine er godt kjend som ein livleg og sprudlande musikar frå Värmland i Sverige. Ho har gjennom mange år som frilansar medverka i ulike grupper og konstellasjonar med fele og song. Musikken hennar har djupna, tonespråket og svingen frå den tradisjonelle musikken, men er ofte påverka av kammermusikk, samtidsmusikk eller improvisasjonsmusikk.

Fele

Foto: Henriette Robertsen

Saum - Lag din egen merch med Henriette Robertsen

Broderiverkstad - lag din eigen festivalmerch!

Ta med plagg heimefrå - skjorte, hettegenser, dongerijakke, totbag e.l. og bli med!

Kalottspel har laga flotte strykemerker med logoen sin på. Denne festar vi på plagget, så designer vi våre eigne mønster som så skal broderast.

Alt broderiutstyr er tilgjengeleg - du tek kun med det plagget du ynskjer å dekorere.

Verkstaden startar med eit inspirasjonsforedrag om broderia som prydar Hekla Stålstrenga sin siste utgjevelse “Heimført”, samt ei visning i utstillinga. Så skal vi designe og brodere våre eige motiv på medbragt plagg. Festivalen gjenbruker delar av broderia i årets design, og det er denne vi skal brodere på.

Verkstaden passar for nybegynnarar og erfarne.

Laurdag 10:00-12:00:

Spel - Stemmespel med Mia Marine

På dette kurset lærer ho dykk ein artig låt og deretter ligg fokuset på korleis ein kan konstruere andrestemmar som gjer noko meir enn å “bare” følgje melodien som ei tersstemme (sjølv om tersstemmer sjølvsagt er superfine). Nivået på kurset tilpassast til deltakarane i rommet. De bør være vande med å lære på gehør, og være interessert i samspel, ellers er det fritt fram for alle. Ein inspirasjonsinjeksjon for deg som er gira på groovy spel og feit lyd!

Mia Marine er godt kjend som ein livleg og sprudlande musikar frå Värmland i Sverige. Ho har gjennom mange år som frilansar medverka i ulike grupper og konstellasjonar med fele og song. Musikken hennar har djupna, tonespråket og svingen frå den tradisjonelle musikken, men er ofte påverka av kammermusikk, samtidsmusikk eller improvisasjonsmusikk.

Fele

Foto: Carolina Stenback

Spel - Låter med Janeta Österberg og Erja Pätsi

Lær låtar frå Österbotten med Janeta og Erja. Dei møttast på studiene ved Sibelius-akademiet i Helsinki då dei studerte folkemusikk. Det tradisjonelle repertoaret deira kjem frå Östebotten, der Janeta kjem frå, og Nord-Österbotten der Erja kjem frå.

Fele og belg

Nina Fjeldet