Trøkk på Takt 2026
Kurset er for dei som er 18 –30 år, og er regna for meir eller mindre rutinerte folkedansarar.
NB: Kurs måndag 3. august - torsdag 6. august. Overnatting frå søndag 2. august.
Årets Trøkk på takt-kurs finn stad før sjølve festivalen. Kurset vert på Høgtun Kulturklynge, og vil samarbeide tett med Ethno Arctic 2026 - ein internasjonalt musikersamling for same aldersgruppe. kurset avsluttjast med ei framsyning saman på opningsdagen til Kalottspel 2026.
Kursstart er offisielt måndag 3. august, men overnattinga er frå søndag. Vi anbefaler alle å kome søndag, slik at ein får vert med på det første møtet med Ethno-gjengen.
På Høgtun bor deltakarane på hytter, med seng og sengetøy tilstades. Mat lagast og serverast av Ethno Arctic, og vi et saman med deira deltakarar. Det vert i tillegg ulike sosiale aktivitetar på kveldstid, og Trøkk på Takt-gjengen kjem til å få ansvar for minst ei sosial aukt.
Torill Steinjord vil vere årets instruktør, og sørge for gode workshops, samarbeid med Ethno og høg læringsfaktor.
Prosjektet er laget for å gi unge i Nord-Norge moglegheita til å utforske tradisjonelle uttrykk på en moderne og energisk måte. Gjennom workshops, rettleiing og samspel vil deltakarane få moglegheita til å utvikle dansetekniske ferdighetar, samtidig som de bygger nettverk og samarbeid.
Er du usikker på om dette kurset er for deg, kan du ta kontakt med oss i Kalottspel, så finn vi ut av det saman. Send mail til tone@kalottspel.no
Med i kurset er losji og heilpensjon på Høgtun søndag-torsdag, festivalpass til Kalottspel 2026 og moglegheit for teltplass på festivalarena frå torsdag.
Det er plass til maks 8 på kurset.
Kurset vil i år vere for dansarar.