Velkommen til kurs! Alle vaksenkursa laurdag startar 10:00 og varar i to timar.
Trekkspel!
Trekkspell kom som ein farsott inn i det norske musikklivet frå slutten av 1800talet, og sidan har det blitt værande! Eit allsidig instrument som finns i uttallige variantar og stilartar. Dette kurset er via til det norske gamaldans-/folkemusikinstrumentet femradaren. Thomas Nilssen er ein nestor i faget, og byr på høvelege melodiar frå Hedmarken tilpassa trekkspelets kunst.
Kurset passer for dei som er høveleg øvde, og foregår på trekkspel med standard, norsk system.
Folkesong!
Sigrid Randers-Pehrsson frå Vesterålen er den einaste profesjonelle folkesongaren frå Nord-Norge. Ho er formidlar og pedagog med ei enorm oversikt og kunne om songtradisjonen her nord, og har blandt anna to visebøker på samvittigheten. Ho jobbar mykje med kor, ho har enkeltelevar og er utøvar i mange prosjekt. Som pedagog er ho utdanna i “complete vocal technique”, ein stilnøytral metode for å utvikle den stemma man har. Her deler ho nokre av sine favorittar frå nord, eit dykk ned i skattekista!
Felekurs!
Susanne Lundeng er felespeler, folkemusiker og komponist, og ansjåast som ein av nordnorsk folkemusikks fremste tradisjonsbærarar. Med sin frisinnede og ukonvensjonelle blanding av tradisjonell folkemusikk og moderne samtidsuttrykk, skapar ho med sin fiolin, ein heilt eigen, personleg og karakteristisk sound. Musikken er prega av den nordnorske naturen og kulturen ho har vokst opp med, men og av ein kunstnerisk vilje og særeigen skaparkraft som spring ut fra ho sjølv.
På kurset vil ho lære bort nokre skattar frå Nordland, frå både det nye og det gamle repertoaret.
Kurset foregår på fele, men det er og mogleg å delta med andre instrument dersom ein ønsker melodiane.